Om Kleiven Sogn AS

Historikk:
I år 2007 feira me 20 års jubileum som eige selskap. I tida frå 1956 til 1987 var me ei avdeling i firmaet Endre Kleiven AS med hovudsete i Førde i sunnfjord. I 1987 vart Kleiven Sogn skipa med Oddmund Kleiven som dagleg leiar og Eilert Olsen som medeigar, 10 % av aksjane vart fordelt på dei ansatte.

Organisasjon:
Kleiven Sogn AS ligg årleg på ein omsetning på rundt 100 millionar kroner.
Me har omlag 40 ansatte, og utfører alt ifrå grunn og betong til tømmerbygg. Størstedelen av dei ansatte har fagbrev innanfor faget og er stolte over å få ta del i utfordrande arbeidsoppgåver. Me har og eigen maskinpark med mellom anna tårnkran og mobilkran for utleige.

Foto: Alf Inge Holsæter 2006

Vår virksomheit:
Våre største oppdragsgjevarar er Hydro Årdal og Årdal kommune. Men me har og hatt fleire byggeprosjekt for andre byggherrar i Årdal og kommunane rundt.
Av prosjekt utanfor kommune grensene kan nemnast United World College i Fjaler og Turtagrø Hotell i Luster som to av bygga der Kleiven Sogn AS har vore hovudentreprenør.

Kvalitet:
Kleiven Sogn er sertifisert i fleire fagområder.
Me har alle nødvendige godkjenningar og legge stor vekt på vår eigen kvalitetskontroll i alle ledd.

Kleiven Sogn AS
Postboks 33
6881 Årdalstangen

Besøksadresse: Torget 2
Telefon: 57 66 48 80
Fax: 57 66 19 74

 

Om oss
Kart
Hybelbygg

Tlf: 57 66 48 80, Faks: 57 66 19 74, Epost: firmapost