Om oss

Kleiven Sogn AS er ei entreprenørverksemd med omlag 40 ansatte, og utfører alt frå grunn- og betongarbeid til ferdige tømmerbygg. Størstedelen av dei ansatte har fagbrev innanfor faget og er stolte over å få ta del i utfordrande arbeidsoppgåver.

Våre største oppdragsgjevarar er Hydro Årdal og Årdal kommune. Men me har og hatt fleire byggeprosjekt for andre byggherrar i Årdal og kommunane rundt. Me utfører også oppdrag for Hydro Energi, Østfold Energi og ECO og har god erfaring med rehabilitering av damanlegg og bygging av småkraftverk.

Sjå under prosjekt i menyen for meir informasjon.

Kleiven Sogn er sertifisert i fleire fagområder. Me har alle nødvendige godkjenningar og legg stor vekt på vår eigen kvalitetskontroll i alle ledd.

Me flytta inn i nye lokaler i Statsråd Evensens veg 3 18.2.2014, og har derfor fått ny besøksadresse om du ønsker å besøke oss.

Ta gjerne kontakt med oss!