Historia vår

I år 2007  feira Kleiven Sogn AS 20 års jubileum som eige selskap. I tida frå 1956 til 1987 var firmaet ei avdeling i firmaet Endre Kleiven Entreprenørforretning AS som hadde hovudsete i Førde i sunnfjord.

Historie2Ingeniør Endre Kleiven (1917–1997) frå Gaular starta Endre Kleiven entreprenørforretning AS i Bergen i 1947, men flytta etter kort tid firmaet til Bygstad, seinare Førde.

Endre Kleiven bygde saman med sine brødre selskapet opp til eit av dei største entreprenørselskapa i fylket, og hadde m.a. store byggjeoppdrag i aluminiumsbyane i Sogn. Den Førde-baserte entreprenøren etablerte avdeling i Årdal i 1956 med Oddmund Kleiven som dagleg leiar.

I Årdal har Endre Kleiven Entreprenørforretning AS bygd ein stor del av dei offentlege bygga og større forretningsgardar, m.a. Farnes kyrkje, samfunnshuset på Årdalstangen og Årdalshallen, til liks med Kleiven Sogn AS hadde også Endre Kleiven Entreprenørforretning AS store byggjeoppdrag for Årdal Verk.

I Høyanger og Sunnfjord var Endre Kleiven Entreprenørforretning sterkt medverkande i utbygginga av Høyanger Verk. Firmaet har og bygd flyplassen på Bringeland ved Førde.

Medan aktivitetane i Sunnfjord er avvikla, vart entreprenørverksemda drive vidare frå 1987  i Sogn under namnet Kleiven Sogn AS. Oddmund Kleiven var dagleg leiar, med Eilert Olsen som medeigar. 10 % av aksjane vart fordelt på dei ansatte.

I 2006 tok Rolf Ole Kleiven over som dagleg leiar av selskapet. Han har også aksjemajoriteten i selskapet, rundt 10% av aksjane er framleis fordelt på dei tilsette.

Styre:
Leiar: Rolf Ole Kleiven
Styremedlem: Marit Kleiven
Representant fra dei tilsette: Tom Røysi

Delvis henta frå www.nrk.no