HMS

Helse, Miljø og Sikkerheit er ein naturleg del av kvardagen.

På alle våre prosjekt har HMS-arbeidet ei viktig rolle frå dag èin. Våre kontroll- og internrutinar er i henhold til interne målsetningar og offentlege krav, og ligg til grunn for vårt arbeid på byggeplassane. Viktige faktorer for å oppnå vårt mål om ein sikker og triveleg arbeidsplass er god opplæring, informasjon, kommunikasjon, motivasjon og erfaringsutveksling.

Bygg- og anleggsprosjekt har ofte fleire risikofylte arbeidsoperasjonar. Derfor er planlegging og kontroll med hensyn til risikofaktorer nødvendig og avgjerande. Alle i verksemda tek ansvar for å utvikle eit skadefritt miljø – på personell, utstyr og det ytre miljøet elles.

Leiinga i Kleiven Sogn AS tar systemkrav på alvor, og dei tilsette har forplikta seg gjennom sin arbeidsavtale til å sette seg inn i våre system og benytte dei deler av systemet som til ei kvar tid er naturlig i sitt arbeid. Forutsetninga for å kunne medvirke er relevante kunnskaper. Alle våre tilsette er pålagt å lese heile HMS-delen av vår håndbok i løpet av årets fyrste 3 måneder og kvittere for gjennomlesning i eige dokument.

Gjennom avvikssystemet har alle tilsette muligheit for å påvirke HMS-arbeidet. Alle avviksrapporter leveres HMS KS leiar som fører avviksprotokoll og foreslår tiltak i tett samarbeid med verneombud og dei tilsette. Vårt foretakssystem tilfredsstiller HMS- forskriftas krav til bruk av verkemiddel i arbeidsmiljøet, jf. AML § 3-1.

Kontaktpersonar vedrørande vårt HMS arbeid:

HMS KS leiar: Alf Inge Holsæter
Hovedverneombud: Ronny Gjerde
Daglig leiar: Rolf Ole Kleiven