Høgskulebygget Sogndal

Bygget er skåre inn i ei høg åsside. Det er etablert ein sikringskonstruksjon for byggegropa beståande av permanent stålspunt i opp til 25 m høgde forankra med utvendige permanente stag til fjell. Det heile er dimensjonert for ei levetid på 100 år. Bygget er så etablert fritt i gropa innafor sikringskonstruksjonen.

Fagfolk med lokal kjennskap var skeptiske til løysinga. Dei meinte at det på grunn av morenemassane på staden med mykje stein ikkje ville la seg gjera å ramma ned ein spunt og at det difor måtte nyttast tyngre betongkonstruksjonar – i så fall til ein betydeleg større kostnad. Skepsisen blei imidlertid gjort til skamme Det heile gjekk bra, dog med mindre tilpasningar undervegs. Det sterkt skrånande terrenget var ei utfordring for dei store spuntriggane.

Vidare er byggets lastar overført til berg, anten direkte på utsprengt berg eller ved hjelp av bora stålkjernepeler. Andre geotekniske forhold som ble ivaretekne var, forutan bergtekniske forhold, risikoen for skader på nærliggande busetnad (Fosshaugane) på grunn av ristingar frå sprenging/ spuntramming og grunnvassenkning (setningar).

2016-02-04 at 13.59

Beresystemet er bygd opp av stålsøyler og betongelement, med avstivande skiljevegger i betong og betongvegg ved spunt mot terrenget. Isolerte yttervegger er oppførde i tre. Som fasadekledning har bygget plater med mørk farge, med fleire store innslag av glasflater på fasaden. Det er i hovudsak brukt elokserte sinkplater, og ein del sedertre. Kantina får ein glaskarnapp, ein stor glasgard syter for godt lys sentralt i bygget, og også kortveggen i biblioteket får stor glasfasade.

2016-02-04 at 14.00

Bygget sin 1. og 2. etasje inneheld store kontorareal, to klasserom og to store auditorium. I 4. og 5. etasje blir det eit bibliotek som går over to etasjehøgder samt læresenter som er plassert i 4. etasje. Ved biblioteket i 4. og 5. etasje er det bygd ein mesanin, med fleire tilhøyrande grupperom. I 5. etasje som er toppetasjen, er stor kantine, storkjøken og bokhandelen plassert.

Statsbygg har basert seg på energileveranse frå prosjektet Fjordvarme i Sogndal. Det blir vassbåren varme for oppvarming i bygget, samt naudsynte flater utvendig som skal utførast med gatevarme. Sognekraft byggjer fjordenergianlegg ved Sogndalsfjorden som høgskulen no knyter seg til. Dette er også arbeider som Kleiven Sogn AS er involvert i.

Tekst er henta i fra reportasje i fagtidskriftet Byggaktuelt fra 2012.

Areal: 7600 m2
Byggherre: Statsbygg
Arkitekt: Arkitektgruppen Lille Frøen AS
Byggeår: 2010 – 2012
Kontraktsverdi: 120 millioner
Entrepriseform: Hovedentreprenør

Artikkel i byggeindustrien 2010

Artikkel Byggeindustrien mai 2011

Sogn Avis august 2012

Artikkel i Byggeindustrien august 2012

Artikkel Bygg Aktuelt 2012

Video fra reisinga av råbygg

Video frå heile byggeprosessen

Video frå kunstprosjekt ved Høgskulen