Storevegen 28
Bygget er plassert midt i Øvre Årdal sentrum og inneheld 9 leiligheter i ulike størrelsar fra omlag 40 til 140 m2. Det er også heis i bygget, denne går frå plan 0 til plan 3. Utvendig er det satt opp eige garasjeanlegg. Prosjektet er eit døme på samarbeid mellom arkitekt, byggherre og entreprenør der ein har fokus på løsning og praktisk utførelse tidlig i prosjektet. På den måten er det større sjanse for at prosjektet er gjennomførbart innanfor gitte rammer. Dersom du går rundt med liknande prosjekt i magen er Kleiven Sogn AS åpne for å delta i ein prosess der ein utviklar prosjektet saman.
Areal: 900 m2
Byggherre: Storevegen 28 AS
Arkitekt: Arkitektkontoret 4B
Byggeår: 2018 – 2019
Kontraktsverdi: 20 millioner
Entrepriseform: Totalentreprise