Referansar
Me har jobba med mange utfordrande og spennande prosjekt

Årdalsenteret
Kleiven Sogn AS har i perioden 2008 til 2014 bygd ut store deler av sentrumsareala. Fyrste byggetrinn på Årdalssenteret vart starta opp i 2008 og innehold forretningsarealer for Reima AS, samt ombygging av deler av samfunnshuset for Årdal Kommune. I 2012 starta arbeidet med nytt forretningssenter for Årdalssenteret AS, desse arbeidene inkluderer også 9 leilegheiter på plan 3 i bygget. Her har Kleiven Sogn AS vore totalentreprenør og har mellom anna hatt med seg X-form og Norconsult på prosjekteringsarbeider. Bygget stod klart til påske 2014 og har med dette skapt ein heilheit i sentrumsområda i Øvre Årdal.

Høgskulebygget Sogndal
Kleiven Sogn AS var hovedentreprenør ved det nye sentralbygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Vi starta opp 2. august 2010 og var ferdig med utomhusarbeider medio august 2012. Nybygget er på 7600 kvadratmeter fordelt på fem plan. Bygget skjær inn i skråningen og har to hovedinngangar, både i første og femte etasje, for på denne måten å oppnå ein god kommunikasjon i området. Nybygget rommer i hovedsak kantine, bibliotek/læresenter, kontor og undervisningsrom. Prosjektet vart nominert til Årets Bygg i Norge i 2012.